onsdag 25. mars 2009

Analyser i Gisline

Har laga ei analyse til skuleavdelinga. Dei ønska å få plassert bustaden til nokre elevar på eit kart. Eg tok utgangspunkt i ei excelfil der namn og gnr/bnr var ført opp. Denne excelfila kobla eg mot adressebasen for å få opplysningane geografisk plassert. Kartet i Innsyn viser kvar elevane bur. I analyse, som ikkje er tilgjengeleg i Innsyn kan ein og lage temakart der ein kan sjå kva klassetrinn dei ulike elevane er på.

Slik går du fram i GISLINE INNSYN for å få presentert kvar elevar bur - > http://screencast.com/t/xCnio79b7

I Innsyn kan ein og få fram opplysningar om kva for ein elev som bur i den aktuelle bustaden. NB! På grunn av personvernet bør ein ikkje legge slik informasjon ut men i dette tilfellet er det kun nokre få personar som har tilgong til desse dataene. Slik får du fram informasjon om kven som bur i bustaden -> http://screencast.com/t/3fz98GsYk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar